Kristiansand-samling referat laga av Anne-Liv

Kristiansand-samling referat laga av Anne-Liv

Category : Hovedside

Anne-Liv Lie og Dusan Nikolic er tatt ut på NBF sitt talentteam for U15. De var på talentsamling 7 dager i Kristiansand og her kommer et lite referat fra Anne-Liv om hvordan det var.

Mandag-Dag 1
Dagen starta med at me måtte stå opp grytidlig for å rekke flyet som gjekk direkte til Kristiansand flyplass. Der blei me henta av bestefaren og onkelen til Julia og Sofia. Så bar det direkte til hallen der me byrja med bip-test noko som ikkje akkurat var ein dans på roser. Deretter fekk me ein matpause før me så vart delt opp i forskjellige grupper, desse gruppene skulle være dei samme heile veka, og det var desse personane du skulle samarbeide med. Gruppa vår fekk i oppgåve å lage underholdning noko som man kan sei blei tragisk morsomt.

Tirsdag-Dag 2
Idag presterte alle på rommet vårt (meg, Vera, Julia og Sofia) å forsove oss slik at vi gjekk glipp av frokosten og fekk 5 min til å skifte før me måtte gå. Fin start på dagen, spør du meg. Uansett så idag var det styrketest som stod på menyen. Huff og huff, det anbefalast ikkje det var nokre veldig smertefulle 10-15 minutter. Styrketestenen gjekk ut på å ta så mange sit-ups, deretter push-up, deretter jumps som mulig. Også blei heile testen avslutta med planken. Alt dette skjedde på eit slags treningsenter med navn Aquarama, så når me skulle gå tilbake hallen var det så vidt eg klarte å gå i oppoverbakkene. Vi hadde ein lang (og, etter min meining, velfortjent pause)etter det, før me så skulle begynne på dagens gruppearbeid. Gruppa vår si oppgåve var å sørge for middagen, som endte som ein litt for sterk Chilli con carne. Mi oppgåve gjekk for det meste ut på å vaske opp. Innimellom her ein gong var eg og på butikken, men det er ikkje så veldig interessant at det er vits å skrive om det.

Onsdag-Dag 3
Idag starta dagen først med eit par vanlige økter inne og ute. Før me så tok turen bort til ei friidrettsbane, der me skulle springe cooper-test. Dette er ein test som går ut på at me skal springe så langt me kjem på 12 minutter. Når me var ferdig med den gjekk me tilbake igjen til hallen, fekk ein lang pause, også byrja vi på gruppeoppgåver. Idag skulle vi lage veggavis der vi intervjua folk, hadde horoskop og nyheter ++. Tilslutt så endte vi dagen med ein liten halløkt.

Torsdag-Dag 4
Idag hadde vi vekas lengste og nest siste test. Næmleg..wait for it…et minitriathlon! Dette gjekk ut på at me først skulle svømme i 20 minutter i eit treningsbasseng på 50 meter i Aquarama, deretter sykle i 45 minutter på spinninsykler (,det var selvfølgeleg om å gjere å kome lengst mogleg,)og til slutt springe 5 kilometer rundt heile Aquarama. Eg berre tenkte hallelujah så bra eg ikkje er på landslaget for dei måtte næmleg gjere akkurat det same berre at dei skulle springe 10 km istadenfor 5. Eg oppsummerer ikkje heile testen i detaljar og slikt, men eg kan garantere at det var veldig deilig å være ferdig med testen. Etterpå fekk me ein lang og fin pause, før me så skulle byrje på gruppeoppgåvene. Idag skulle me byggje lego, ja faktisk, lego. Me var faktisk ganske flinke, trur me var eit poeng unna å vinne kvar vår grytevott, noko som var litt surt sidan eg trenge ein ny fordi at alltid når eg skal ta noko ut av ovnen, som er varmt så brenn eg meg. Men jajaa sånn er livet.

Fredag-Dag 5
Dagen bestod omtrent berre av halløkter og alternativ (altså forskjellige ting ute), noko som eigentleg var ganske greitt sidan eg var full av gangsperr som det var. Eg trur gruppa vår fekk i oppgåve å lage logo til Total Commitment idag, noko som gjekk ganske greitt. Kvelden blei avslutta med ein film.

Lørdag-Dag 6
Vi hadde omtrent berre vanlege økter og slikt idag også, utenom ein fotarbeidstest der me skulle gjere fotarbeid i 30 sek og ta pulsen vår i 15 sek, dette skulle vi gjenta i 15 min. Ellers gjekk dagen som normalt. Eg trur dagens gruppearbeid var skrive brev til nokon me var glad i, og skrive sesongplan (,altså skrive ned alle turneringane me hadde planar om å reise på i år). Dette gjekk veldig greitt.

Søndag-Dag 7: Siste dag
Me hadde berre ein halløkt idag før det så var eit møte oppe i kafeteria/lunsjrommet for alle. Så tok vi taxi til flyplassen der vi sjekka inn bagasjen, åt litt, satt å såg på VM-finalen i herresingle mellom Lin Dan og Lee Chong Wei (må forresten sei at det var veldig trist at Lee Chong Wei tapte for både eg, Hege og Olve heide på han).

Alt i alt ein veldig fin samling. Også må eg berre nevne at i tillegg til alt dette her så hadde me da samtidig veldig sosialt og fint, men om eg sku skrevet om alt eg gjorde ned til minste detalj så hadde det jo blitt ein heil Bibel og ingen hadde gidda å lese det.

 

1097363_693370784012484_1247483383_n


Lokale turneringer

Ranking turneringer

Treningssamlinger